Click to close
Lukk / Close

 Velkommen
 Vannprøver
 Om vassverket
 Vedtekter
 Tilknyttning
 Måleravlesing
 Skjemaer
 Prisliste
 Kontaktinfo

 

Vakttelefon
53 76 69 90



Ølen Vassverk SA
Postboks 165
5588 Ølen
 
Tlf: 53 76 69 90
Send e-post


V E D T E K T E R

ØLEN VASSVERK SA

Vedtatt på årsmøtet 25 April 2012.

§ 1 Andelslaget

Ølen Vassverk SA (org. nr. 970 180 370 mva) er eit samvirkeføretak etablert i samsvar med lov om samvirkeføretak av 29. juni 2007 nr.81. Selskapet har vekslande medlemstal, vekslande kapital og avgrensa ansvar. Medlemmene heftar berre med sitt andelsinnskot for lagets forpliktingar.

Lagets forretningskontor ligg i Ølen i Vindafjord kommune.

Rekneskapsåret fylgjer kalenderåret.

§ 2 Føremål

Ølen Vassverk SA sitt føremål er å sørgje for ei vassforsyningsteneste til medlemmene, som tilfredstiller drikkevannforskrifta sine krav.

Ølen Vassverk SA drives etter non-profit prinsippet med allmennyttige føremål som basis.

§ 3 Medlemskap

Alle innanfor forsyningsområdet som ynskjer å verta medlem , utan at dette påfører Ølen Vassverk SA uførehaldsmessige store utgifter i høve til tilknytinga, sender skriftleg søknad til styret. Styret avgjer om søkjaren kan godkjennast som andelseigar og på kva vilkår. Andelseigar godkjenner ved innbetaling av andelskapital og gebyr, Ølen Vassverk sas til ei kvar tid gjeldande vedtekter og vedtak som fattast av årsmøtet og styret.

Medlemmen må sjølv koste stikkledning frå hovedledningens koplingskum.

Medlemmen kan ikkje krevje refusjon av heile eller deler av innbetalt årsavgift, eller anna erstatning på grunn av svikt i vassleveransen.

§ 4 Selskapets andelskapital

Kvart medlem teiknar ein andel på kr 1000,00 som vert innbetalt og er medrekna i tilknytingsavgifta. Andelen følgjer eigedomens hjemmelshaver, og kan ikkje omsetjast, pantsetjast eller tas utlegg i. Medlem som går ut av laget vil ikkje få tilbakebetalt sin andel eller gebyr frå Ølen Vassverk sa.

§ 5 Kjøpeutbytte til andelseigarane

Årsoverskotet vert godskrive vassverktes eigenkapital.

§ 6 Medlemmenes plikter og rettigheiter

Medlemmene har rett til lik og rettferdig bruk av lagets tenester. Medlemmer har rett og plikt til å ta i mot tillitsverv. Medlemmene pliktar å følgje vedtekter og retningslinjer for drifta av laget.

Det skal betalast tilknytingsavgift og gebyr for kvar frittståande bu-eining på eigedomen(e). Kvart medlem skal årleg betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Årsmøtet fastset gebyra.

Medlemma pliktar å la eit anna medlems vassleidning vederlagsfritt bli lagt over hans/hennar eigedom. Leidningen skal, så langt råd er, leggjast der medlemen anviser. Grøfta skal lukkast forsvarleg og på dyrka mark gjødslast og såast til. Medlemen pliktar å gje lov til å grave ved lekkasjar og liknande.

Medlem pliktar skriftleg å varsle styret når han/ho vil leggje vassleidning utanom våningshuset. Arbeidet kan ikkje starta før det er godkjent av styret. Eit kvart medlem pliktar å halde sine private leidningar i full orden. Påviste manglar som ikkje rettast kan medføre avstenging av vatnet.

Beviseleg skade som eit medlem påfører føretaket eller eit anna medlem skal erstattast.

§ 7 Lagets organ og deira myndigheitsområde

Styret

Føretaket er leia av eit styre med 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. Styremedlemmene skal veljast av årsmøtet, valperioden er 2 år.

Styrets leiar skal veljast av årsmøtet, valperioden er eitt år

Styrets nestleiar skal veljast av årsmøtet, valperioden er eitt år.

Varamedlemmene skal veljast av årsmøtet, og i rekkjefølgje d.v.s 1. og 2. Valperioden er to år.

Styret har ansvar for ei forsvarleg organisering av verksamheita i tråd med lovens og vedtektenes bestemmelsar. Føretaket forpliktast av underskrift av styrets leiar og eit styremedlem i fellesskap. Styret kan melde prokura.

Dagleg leiar

Føretaket skal ha dagleg leiar.

Dagleg leiar skal tilsetjast av styret. Vedkommande deltek på styremøta utan stemmerett, og kan ikkje ha styreverv.

Årsmøte

Årsmøte er Ølen Vassverk sas øverste organ. Årsmøtet trer ordinært saman kvart år innan utgangen av mai månad. Til årsmøtet føreligg sakslista for årsmøtet, styrets årsberetning og rekneskap. Saker som medlemmene ynskjer behandla på årsmøtet må være sendt til styret seinast 4 veker før årsmøtet. Papira til årsmøtet skal sendast ut seinast 8 dagar før årsmøtet.

Årsmøtet skal også behandle:

a) Godkjenning av innkalling og saksliste

b) Valg av møteleiar, protokollførar og 2 medlemmer til å underteikne protokollen

c) Styrets årsberetning

d) Revidert årsrekneskap med revisjonsberetning.

e) Fastsetjing av årsavgifter

f) Fastsetjing av styrets honorar

g) Budsjett for komande år

h) Val av leiar for eitt år

i) Val av nestleiar for eitt år

j) Val av ytterlegare to styremedlemmer for to år

k) Val av eitt varamedlem til styret for to år

l) Val av revisor

m) Val av to medlem i valnemnd

n) Val av leiar i valnemnda

o) Innkomne saker.

Ekstraordinært årsmøte

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Styret kan også kalle inn til ekstraordinært årsmøte når revisor eller minst 1/5 del av medlemmene krev dette skriftleg. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast med minst 10 dagars frist. Innkallinga skal innehalde sakspapira til dei saker som ynskjast behandla. Det skal være minst ein månad mellom ordinært og ekstraordinært årsmøte.

Røysterett og røystegjeving på årsmøtet

Kvart medlem har 1 stemme. Sameigarar i eigedom(mar) skal reknast som eitt medlem og slik at ein eigedom berre kan representerast av ein person aleine ved røysting.

Vedtak i årsmøtet fattast med fleirtalet av avgjevne røyster i møtet, så sant ikkje anna er fastsett i lova. Andelseigarar har anledning til å la seg representera ved skriftleg fullmakt. Berre andelseigarar kan være fullmektigar.

§ 10 Endring av vedtektene

Forslag til endring av vedtektene kan berre behandlast på ordinært årsmøte. Til gyldig vedtak for endringar krev ein 2/3 fleirtal av frammøtte. Fullmakter kan ikkje nyttast ved vedtektsendring. Forslag om å endre vedtektene skal gjengjevas i innkallinga til årsmøtet.

§ 11 Voldgift

Tvist mellom medlemmer eller mellom eitt medlem og føretaket skal fyrst søkjast løyst ved forhandlingar.

Fører slike forhandlingar ikkje fram, kan kvar av partane forlange tvisten endeleg avgjord etter bestemmelsar i lov 14. mai 2004 nr 25 om voldgift.

§ 12 Oppløysning av Ølen Vassverk sa

Vedtak om oppløysing av føretaket vert gjort av årsmøtet, og krev 2/3 fleirtal.

Ved oppløysing har føretaket sine medlemmer ikkje rett til å få utbetalt sine andelsinnskot.

Medlemmene har ikkje krav på å få utbetalt renter på andelsinnskot.

Gjenverande midlar utover dette, skal gå til drift og investering i vassforsyninga for medlemmene.

§ 13 Samvirkelovas anvending

Den til ei kvar tid gjeldande samvirkelov kjem til anvending der kor vedtektene ikkje har anna bestemmelse.

 

Ølen Vassverk SA © 2021. Alle rettigheter reservert.